Om Hvit jul
Hvit jul er eit prosjekt som drivast i fellesskap av Juba, Juvente og IOGT. Tidleg på 90-talet oppstod prosjektet i Noreg, og spreidde seg etter kvart til Norden.
Helsedirektoratet estimerer at 90.000 born lever i heim der rusmisbruk er eit problem. Desse blir spesielt påverka av jula, for i desember har Vinmonopolet dobbel så omsetning som resten av året. I tillegg viser forsking at alle born, og ikkje berre dei som kjem frå heim der rus er eit problem, blir påverka at mamma og pappa drikk alkohol.
Born merkar det når åtferd endrar seg. Dei merkar det når mamma eller pappa blir overstadig glad, meir ironisk eller tullar meir. Dette er inkonsekvent åtferd og kan vere skummelt for borna.
Hvit jul består av to hovudkomponentar:
- Kontrakten, som er moralsk bindande og vaksne skriv under på ikkje å drikke alkohol i perioden 24.-26. desember. Kontrakten delast ut til folk på stand og er tilgjengleg på nett.
- Aktivitet, som er eit tilbod til born og unge i jula, som er garantert rusfritt.
Juba, Juvente og IOGT har tre mål dei ynskjer å oppnå ved å gjennomføre Hvit jul:
- Å gjennomføre ein kampanje mot opinionen, politikarar og media som set fokus på borns situasjon, og kva dei treng, spesielt i forhold til alkoholforbruket til vaksne i jola.
- Å få fleire vaksne til å avstå frå alkohol i jolehelga.
- Å arrangere alkoholfrie aktivitetar for born og ungdomar.
Slagordet til Hvit jul er veldig enkelt:
Alle barn har rett til en hvit jul.