
Nokre juletradisjonar greier vi oss utan
Lag ei kvit jul for deg og dine!
La barn sleppe å få fulle foreldre og andre vaksne heim frå julebord i jule- og nyttårsfeiringa. Då får vi ganske enkelt tryggare barn – det veit vi alle, inst inne.
Vi i IOGT håpar at den store auken i salet av alkoholfrie alternativ på Vinmonopolet dei siste åra kan vera eit teikn på viktige haldningsendringar og livsstilsendringar hos stadig fleire.
La julebordet på jobben bli ei minneverdig oppleving der vi møter kollegaer slik vi vanlegvis kjenner dei, og ikkje i ein kunstig unaturleg oppstemtheit med alkohol som «hovudattraksjon».
Vi som jobbar i helsevesenet er litt leie av å tenke på det vi veit kjem no i førjuls- og juletida: Akuttmottaket med rusrelaterte skader etter fall og slagsmål.
Ver med på ei kvit jul!
Det store og viktige bodskapen frå IOGT handlar om kvart einskilt barn som opplever at denne jula vert vanskeleg.
Vi kan alle vera litt meir ansvarlege foreldre, slektningar, kollegaer og naboar til barn og unge som treng å sjå at fleire foreldre og andre vaksne tek rusfrie val.
Ei alkoholfri og kvit jul kan vera akkurat det du – og barn og unge i omgjevnadene dine – treng.
Nokre juletradisjonar greier vi oss utan.
Lag ei kvit jul for deg og dine!
