Hjem Leserbrev Ei kvit jul for deg og dine

Ei kvit jul for deg og dine

Denne hausten kan vi sjå filmen «Stargate – en julefortelling» på kino.

Det er ein aktuell, nærgåande og sår film om ein einsleg pappa som har viljen til omsorg for sine to døtrer, men som etter kvart mistar heilt evna fordi han drikk for mykje. Filmen er ikkje ei historie om «den bustadlause alkoholikaren» eller noko anna vi kan peike på for å halde avstand til temaet. Dette handlar om menneske og vanskar som finst nær svært mange av oss, på ulike måtar.

I vekene framover mot årsskiftet har Vinmonopolet nokre av sine beste salgsveker gjennom året. Drikkinga toppar seg altså med feiringa av advent, jul og nyttår. Det paradoksale er at dette og handlar om veldig store forventingsdagar og høgtidsdagar for barn. Sjølv om mange barn får ei god jul, veit vi at titusenvis av barn i Norge nå styrer inn mot meir utryggleik, vonbrot og mangel på nok omsorg.

Dette er bakteppet for at vi i den ruspolitiske organisasjonen IOGT inviterer alle med på ei Kvit Jul – ei julefeiring utan alkohol.

Alkohol representerer det største rusmiddelproblemet i Norge, i forhold til omfang og skadeverknader på personleg helse og sosialt liv. Barn vert ramma spesielt hardt av vaksne sin alkoholbruk, viser undersøkingar frå Folkehelseinstituttet, FHI.

Nye studiar viser og at 32 prosent av 15-16-åringane våre oppgav å ha drukke alkohol dei siste 30 dagane i 2024, mot 26 prosent i 2019. I ei undersøking i 2024 oppgav 17 prosent av dei spurte ungdommane at foreldra hadde sendt med dei alkohol på fest. Det er ein auke frå 9 prosent i 2019.

Når vi veit at barn og unge ofte arvar dei vaksne sine vanar, er dette ei urovekkjande utvikling. IOGT menier det er viktig å snu ei slik utvikling gjennom haldningsendringar.

Forsking viser og at ungdom som veit at dei ikkje får lov til å drikke alkohol, drikk mindre. Noko av det beste vi kan gjere for å demme opp for det største rusproblemet i landet, er altså at vi setter nokre grenser for oss sjølv, og setter tydelege grensar for 14-15- og 16-åringane våre. Dette handlar om at haldningar vert skapt av det vi gjer, ikkje berre av det vi seier.

Barn som slipp fulle foreldre og andre vaksne heim frå julebord og mykje alkohol i jule- og nyttårsfeiringa er ganske enkelt tryggare barn – det veit vi alle, inst inne. Vi i IOGT håper at den store omsetningsauken av alkoholfrie alternativ på Vinmonopolet dei seinare åra kan vere eit teikn på viktige haldningsendringar og livsstilsendringar hos stadig fleire.

Den store og viktige bodskapen frå IOGT og Kvit Jul-kampanjen handlar ikkje om statistikk og forsking, men om kvart einskilt barn som no opplever at denne jula blir vanskeleg. Vi kan alle vere litt meir ansvarlege foreldre, slektningar, kollegaer og naboar til barn og unge som treng å sjå at fleire foreldre og andre vaksne tar rusfrie val.

Ei alkoholfri og kvit jul kan vere akkurat det du og barn og unge i ditt nabolag treng. Lag ei Kvit Jul for deg og dine!

Les innlegget i på Dagen.no

Mediearbeid og leserbrev i Hvit jul

Vil du bidra til å spre budskapet om Hvit Jul gjennom tekst? Å skrive leserbrev, blogginnlegg eller dele personlige historier er en fantastisk måte å skape oppmerksomhet rundt kampanjen på.
Se flere forslag til leserbrev, og les mer om hvordan du kan engasjere deg.