IOGT Region Midt-Norge, Leiar Per-Arne Lillebø og styremedlem John Almendingen
For mange born er det største juleønsket kvit jul. Det er ikkje for å kunne bruke ski og kjelke, men å vere saman med edruelege foreldre. Kvite dagar er eit omgrep som er mykje brukt om alkoholfrie dagar.
Born ønsker vaksne som er til stades og som ter seg normalt og er hyggjelege. I desember blir det drukke dobbelt så mykje alkohol som i dei andre månadene i året. Juletradisjonane er fuktige i mange heimar, og mange born gruar seg til jul på grunn av drikkinga til dei vaksne.
Tal frå Folkehelseinstituttet syner at 90 000 norske born har minst ein forelder som misbrukar alkohol, og ein reknar med at det er dobbelt så mange som har foreldre med risikofylt alkoholforbruk.
Dei siste vekene før jul har IOGT Kvit jul-aksjonar landet rundt. IOGT har stand og oppmodar foreldre og andre vaksne om å skrive under på Kvit jul kontrakt om å ikkje drikke alkohol når dei er saman med born i jula.
Det treng ikkje å vere alkoholisme eller fyll før eit barn opplever det som utrygt å vere saman med vaksne med promille. Eit par glass er nok til at det skjer små endringar i oppførselen hjå den som drikk. Born merker endringane mykje raskare enn den vaksne sjølv. Born er ikkje opptekne av mengda som vert drukke, men konsekvensane av inntaket. Mange vaksne som drikk saman med born, tenkjer nok ikkje på at borna synes det er utriveleg.
Målet for kampanjen Kvi jul er å få fleire vaksne til å drikke alkoholfritt i jula. IOGT Region Midt-Norge, som omfatter Helgeland, Trøndelag og Møre, vil i november og desember ha standar ulike stadar. Foreldre og andre vaksne blir oppmoda om å skrive under på at dei ikkje vil drikke alkohol når dei er saman med born i julehelga 23.-26. desember.
Ser du ikkje nokon IOGT-stand og får skrive under på ei Kvit jul-kontrakt, kan du avtale med deg sjølv at du lar vere å drikke alkohol når du er saman med barn i jula. Det vil gje barna tryggleik og velvere. Kvit-julkontrakten kan du og signere på nettsida: www.hvitjul.no. I fjor signerte over 17.000 vaksne på at dei ville ha kvite juledagar saman med born.
Innlegget har stått på trykk i bl.a. Vårt Land 13. nov, Dagen 12. nov, Innherred 12. nov og Driva 9. nov.
Hva mamma eller pappa sier betyr mye gjennom hele ungdomstiden. Det er helt nødvendig å få foreldrene med på laget for å skape en bedre og tryggere ungdomskultur.
Julen er barnas høytid. Det er forventninger og spenning knyttet til julefeiringen, og barn gleder seg lang tid i forveien. For mange barn er julen årets desiderte høydepunkt. Da fortjener de også at vi voksne setter deres behov først.
No gler IOGT-folk over heile landet seg til at dei kan få stille på kvite julestandar, og på den måten få fokus på at barn fortener kvite juledagar når dei er saman med vaksne.
IOGT Region Midt-Norge har dei siste vekene stått på standar ulike stadar i regionen. I tillegg til at regionstyret sine medlemar står på stand, har også lokale iogt-medlemar stått på standar.
Denne helgen er 36 foreldre på kurs for nye ledere i Enestående familier, IOGTs aktivitetstilbud til voksne som ofte er alene med barna sine.
I 2020 prøvde vi flere nye ting i Hvit jul-kampanjen. - Jeg er helt rørt over det store engasjementet, sier Kampanjeleder Mari-Marthe Katt-Ugle.
#alkoholfrijul
#hvitjulno