PER-ARNE LILLEBØ,HJØRDIS ALMELID VIKENES
90.000 norske born har minst ein forelder som misbrukar alkohol, og ein reknar med at det er dobbelt så mange som har foreldre med risikofylt alkoholforbruk, skriver IOGT Region Midt-Norge.
No har mange butikkar bydd på julevarer i fleire veker allereie. Mange born og unge gler seg til jul, og mange gruar seg til juledagar som dei veit kan verte litt utfordrande når vaksne og born skal vere i lag og det gjerne vert brukt rusmiddel.
Tal frå Folkehelseinstituttet syner at 90.000 norske born har minst ein forelder som misbrukar alkohol, og ein reknar med at det er dobbelt så mange som har foreldre med risikofylt alkoholforbruk.
IOGT er ein ruspolitisk organisasjon. IOGT Region Midt-Norge dekkjer Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland og vi driv haldningsskapande arbeid heile året. Så langt i år har vi verva knapt 200 nye medlemer i regionen vår.
I førjulstida fokuserer vi på “kvite juledagar”, det vil seie dagar som er utan rus. Gjennom kampanjen vår Hvit jul, er det mange tusen vaksne i Norge som kvart år skriv under på at dei ønsker å ha rusfrie dagar saman med born og unge nokre juledagar. I fjorårets kampanje var det over 17.000 som skreiv under på at dei ville ha kvite juledagar i lag med born og unge. Veldig kjekt det.
«Den sunne livsstilen» er i dag trendy. Det er det grunn til å gle seg over. IOGT vil arbeide for at ein sunn livsstil også vert ein rusfri livsstil. I haust har vi hatt anten nyval eller attval i kommunestyra våre her til lands. Politikarar skal gjere vedtak som fremjar det gode livet for heile befolkninga. I Norge har vi slutta oss til Verdas Helseorganisasjon, WHO, si målsetting om at vi skal redusere det skadelege alkoholkonsumet med ti prosent innan 2025. Seinast i Folkehelse-meldinga og statsbudsjettet for 2016 blir denne målsettinga stadfesta.
WHO sitt sterke fokus på alkohol er ikkje utan grunn. Det er knapt nokon einskildfaktor som har større innverknad på folkehelsa, og det gode liv, enn nettopp befolkninga sitt forbruk av alkohol. Målsettinga om ein reduksjon på ti prosent er derfor viktig, og vil ha stor effekt på folkehelsa.
Kommunestyra bestemmer kor lett tilgang det skal vere til alkohol, og tilgangen er sjølve nøkkelfaktoren til alkoholkonsumet i eit samfunn. IOGT håper våre nye folkevalde tek dette ansvaret på alvor, og slik bidreg til betre folkehelse og det gode liv for heile befolkninga både i førjulstida og heile året.
Så er det opp til kvar einskild å vere eit omsorgsfullt medmenneske. I IOGT prøvar vi å formidle haldningane våre på ulike felt, fordi vi meiner at born har det tryggast viss dei får vekse opp i rusfrie miljø. Når vi får kjennskap til familiar som har utfordringar med alkohol, eller andre rusmiddel, skal vi ikkje vere fordømmande, men prøve å hjelpe desse familiane gjennom dei støttetiltaka som det offentlege og frivillige
lag og organiasjonar har. Det tek ein heil landsby å oppdra eit barn, seier dei gjerne i Afrika. Kva seier vi om oppsedinga av barn i Noreg?
God kvit jul!Innlegget ble publisert på rana.no den 8. des 2019
Barn trives best med edru voksne! IOGT oppfordrer voksne til å velge alkoholfritt på 17. mai. – Mange skjønner ikke hvor stor påvirkning fulle foreldre har på barna, sier psykiater.
- Det er bra at meldingen tydelig adresserer alkohol som en vesentlig risiko for folkehelsa, sa IOGT i høringen om ny folkehelsemelding i dag. Samtidig etterspurte vi mer konkrete forslag til styrking av det forebyggende arbeidet.
For mange born er det største juleønsket kvit jul. Det er ikkje for å kunne bruke ski og kjelke, men å vere saman med edruelege foreldre. Kvite dagar er eit omgrep som er mykje brukt om alkoholfrie dagar.
Legeforeningen kaller alkohol og helse «det bagatelliserte alvor», og slår fast at alkohol er det rusmiddelet som forårsaker flest helseskader.
“I’m dreaming of a white Christmas, just like the ones I used to know. May your days be merry and bright and may all your Christmases be white”, song Bing Crosby i 1942 og sidan den gongen er det mange som har sunge Irving Berlins klassikar når det nærmar seg jul.
JA! Mange føler at de ikke har behov for å signere på noe slikt fordi det er helt selvsagt for dem at de ikke skal drikke. For det er heldigvis mange som aldri drikker sammen med barn og mange som ikke drikker i det hele tatt. Ved å signere kampanjen er du med på å synliggjøre at dette er en helt normal ting å gjøre! Julaften er en dag da de fleste er innendørs med sin egen familie, og de fleste regner med at det skjer omtrent det samme hos andre som hos en selv. De som er vant til å ta et par øl og akevitt til julematen tror kanskje at dette er noe alle gjør. Ved å dele kampanjen på Facebook eller snakke med andre om at du har signert er du med å gi andre et innblikk i din julaften og vise at en julaften uten alkohol er helt normalt, og kan være hyggelig for både barn og voksne.
#alkoholfrijul
#hvitjulno