Gunhild Snipsøyr, Avdelingsleiar Ulstein vidaregåande skule
“I’m dreaming of a white Christmas, just like the ones I used to know. May your days be merry and bright and may all your Christmases be white”, song Bing Crosby i 1942 og sidan den gongen er det mange som har sunge Irving Berlins klassikar når det nærmar seg jul.
Og no nærmar visst jula seg med stormsteg, skal ein tru handelsstanden. Det er leeeenge sidan julemannane, julebrusen og julepynten gjorde sitt inntog i butikkane, og eg har fått reklame for julekort og adventskalendrar i epostboksa i vekesvis. Eg har også fått ein annan e-post, der eg blir oppfordra til å skrive under på at eg vil feire kvit jul i år. Alle vil vel ha kvit jul, seier du, ikkje berre Bing Crosby? Det er ikkje akkurat noko ein kan skrive under på? Her må eg få presisere at det dreier seg om kvit jul i overført tyding. Kvite dagar er ein måte å omtale dagar der ein ikkje drikk alkohol. Ein skriv altså under på at ein vil feire julehelga 24. - 26. desember utan å nytte alkohol saman med born.
Kvit jul er ein kampanje som er blitt til i samarbeid mellom fråhaldsorganisasjonane Juvente, IOGT og Juba. Formålet med kampanjen er å få flest mogleg foreldre og andre vaksne til å drikke alkoholfritt i jula, slik at fleire born og unge får feire jul med trygge og nærverande vaksne (du finn meir informasjon om kampanjen på www.hvitjul.no).
Som fråhaldskvinne er det lett for meg å skrive under på dette, og det gjer nok ikkje akkurat så stor skilnad for nokon om eg gjer det eller ikkje. Likevel er det viktig å synleggjere at vi er mange som meiner at det er best for born å vekse opp i alkoholfrie miljø. I fjor var det over 17 000 personar som signerte på kampanjen og målet er sjølvsagt at endå fleire skal gjere det i år. I følgje Folkehelseinstituttet er det omlag 90 000 born som lid under at foreldre eller andre omsorgspersonar misbrukar alkohol. Dei estimerer også at det er dobbelt så mange born som har foreldre med eit risikabelt alkoholforbruk. I desember har Vinmonopolet dobbel så stor omsetning som resten av året. Ein treng ikkje å vere noko flogvit for å kome fram til at dette sannsynlegvis får konsekvensar for mange born og unge. Born trivest best med forutsigbare vaksne som oppfører seg slik som dei brukar. Plutselege og uforklarlege endringar i oppførselen til vaksne gjer borna utrygge og kan vere vanskeleg for dei små å forstå.
Organisasjonen Av-og-til arbeider også for at vaksne skal tenke gjennom alkoholbruken sin rundt born og unge og har ein kampanje som heiter “Hvor mange glass tåler barnet ditt?” Her peikar dei på at “god stemning” ikkje alltid er det same for borna våre som for oss vaksne. Born er vare for stemningsendringar og dei vil ofte merke at foreldre og andre vaksne endrar seg lenge før den vaksne sjølv synest at ein er påverka av alkoholen. Då er det vanskeleg å avgjere kva tid det går frå å vere triveleg til utriveleg for borna.
"Ta også med deg Trygve Skaug sine ord inn i førjulstida:
“Alle sammen
husk to ting
gled en som gruer seg til jul
(den er grei)og
"
brems en
som skynder seg til jul”.
Eg opplever at det er allmenn aksept for at born og unge sine fritidsarenaer skal vere alkoholfrie. Det gjeld arbeid både innanfor idrett og kultur, og godt er det! Då synest eg at det er rart at dette så ofte er annleis i heimane våre. Det som skal vere den tryggaste staden for borna våre, er for mange ein stad der det er eit svært avslappa forhold til alkohol. Nokre foreldre har kanskje ein tanke om at det å normalisere alkoholbruken er vegen å gå, også for at ungdommen skal lære seg å drikke med måte, akkurat slik som mor og far gjer. Av-og-til viser til forskning som viser at ungdom som får servert alkohol heime drikk meir alkohol enn annan ungdom. Nokre praktiserer også å sende med ungdommen sin alkohol på fest, fordi ein då trur at ein har kontroll med kva dei drikk. På dette området viser også forskning at alkoholen ein får med seg heimanfrå kjem i tillegg til annan alkohol. Samstundes veit ein at dess yngre ungdom er når dei byrjar å drikke, desto meir drikk dei også seinare i livet, noko som aukar risikoen for alkoholrelaterte skader og helseplager. Det er mange gode grunnar til at aldersgrensa for å bruke alkohol er sett til 18 år, og det er ei nasjonal målsetjing å utsetje debutalderen lengst mogleg for flest mogleg. Ved ruspåverknad aukar også risikoen for seksuelle overgrep og uønskte seksuelle handlingar, fyllekøyring og andre rusrelaterte lovbrot.
Eg oppfordrar alle som skal vere saman med born i jula til å skrive under på avtalen om å ikkje drikke alkohol i julehelga: www.hvitjul.no. For borna si skuld.
Så langt i år har IOGT sendt inn høringssvar til kommuner over hele Norge i forbindelse med behandlingen av ruspolitiske handlingsplaner. Vi arbeider for å sikre trygge rammer i bymiljøer og setter hensynet til barn og unge først i alkoholpolitikken.
Det er tankevekkende at toppfolkene i helse opplever det som selvfølgelig at helsebudsjettene skal dekke deres alkoholbruk.
SHOT-undersøkelsen viser økt narkotikabruk blant studenter, og sterkere støtte til legalisering. Med litt over 60 000 deltakende studenter er Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHot) Norges største undersøkelse om studenters helsesituasjon.
Dataene brukes i statistikk og til å sende deg påminnelse om å skrive under igjen når vi starter kampanjen neste år og gi informasjon om muligheten for å engasjere deg mer. Informasjonen slettes automatisk etter 2 år.
Vi gir ikke adressen din videre. Send en e-post til post@hvitjul.no om du ønsker at vi skal slette opplysningene dine.
Vi er klar over at foreldrene til de mest utsatte barna gjerne ikke er de som vil skrive under i denne kampanjen. Men vi vet at oppfatningen om grensene for hva som er normal alkoholbruk har påvirkning også på holdningene til de som drikker mest. Kampanjen vil derfor også kunne gjøre julen bedre for de barna som trenger det mest. Ditt valg betyr noe for andre - sammen forandrer vi alkoholkulturen.
For å oppnå enda større effekt anbefaler vi at du forteller andre at du har skrevet under og at du støtter kampanjen. Del gjerne ditt sandpunkt på Facebook.
På IOGTs politiske seminar hadde vi fokus på hvordan samfunnet kunne gjøre det lettere for unge å ta rusfrie valg. Ungdom trenger gode alkoholfrie fritidsarenaer. Det er et problem at alkoholbruk gjør mange kulturopplevelser og også politisk aktivitet utilgjengelig for ungdom.
#alkoholfrijul
#hvitjulno